tirsdag 31. desember 2013

Mål for 2014

-Ikkje bruka mat som avledning
- Få meir fast samvær med jentene 
- Ta opp att studiene att
- Vera meir positiv og takksam til livet 
- Få og halda på ein aktivitet 

Men egentlig vil eg berre le med magen igjen! Smila frå hjarta! Gjennomføra noko bra. Bety noko for nokon. Vera fysisk sliten på grunn av hardt arbeid, og ikkje sjukdom. Ja:)   

27.7.2014

Trur eg må evaluera denna planen, but hey, that's what plans are for, hum? 

Sjølvransking

Eg er einsam og tom. Leitar etter noko å fylle tida med, og distrahera tankane med. Noko anna, utenom mat. Tenkjer " eg må arbeida", " eg må studera", " eg må finna noko eg er god på", " eg må smila" , "eg må skjerpa meg", " eg må finna lykken", " eg må få orden" , "eg må få kontroll". " Eg treng ein ny kostplan". "Eg treng ein hobby", "Eg treng å trena" " "Alle andre har kontroll, kvifor kan ikkje eg ha kontroll?" Eller er det kanskje ikkje slik? At det berre ser ut som at alle har kontroll, men dei meistrar å stå i det ukontrollbare?

 Me står på tampen til eit nytt år. Eg likar ikkje nyttårsafta, eller dagen derpå. "Gjer det beste ut av det" seier mine næraste. " Ta ein dag om gongen", " Ein time om gongen". Klisjeane kjem på rekke og rad : "Nytt år, nye moglegheiter. " Eg blir nesten kvalm, men optimisten langt langt inni meg, den som ikkje vil gi opp, roper at JA, det må vera sant! Roper at NO må det snart vera slutt på negative tankar og sjølvdestruktivt handlingsmønster. NO må ting koma i orden snart! Nytt år, nye moglegheiter.

Eg kunne prøvd å oppsumera året, men fakta er at eg hugsar ikkje alt. Ein stor del av tida har eg vore innlagt, og då har dagane vore uendeleg lange og like. Eg har hatt ferie med jentene, vore i Dyreparken med dei, og hatt ein fin tur til Kopparik og Åkra. Eg har gått på kurs, og prøvd meg på Datakortet, men slutta då konsentrasjonen ikkje var på topp (Eller var det motivasjonen?). Eg har blitt tante! Eg har fått nye venner, og kanskje mista ein del? Eg har sett søster mi bli konfirmert. 

 Skunda meg langsomt mot mål. Kva er dine mål for 2014? 

fredag 27. desember 2013

Dagens klage: Eg likar dårleg å ha aktivitetsforbod. Blir rastlaus! 
Dagens opptur: Skal ha jentene på overnatting! :) 

søndag 22. desember 2013

Førjulskos

Det har vore lite aktivitet her i det siste. Litt fordi motivasjonen har vore på botn, og eteforstyrringa på topp, og då synk både sjølvtillit og inspirasjon. Er forøvrig utskrivd frå DPSen. Dagane har likavel vore positive, då eg har hatt jentene på overnatting i to netter. Me har feira jul på førehand heime hos mamma, og dei har kosa seg med gåveopning og god mat, julafilm og alt som høyrer til.  Egentlig er eg i mot at det vert feira jul på førehand, men det var kos likevel. 

Ellers ser er fram til eit nytt år! Då byrjar terapien for alvor. Nye vanar skal leggjast, og eg SKAL fullføra måla eg sett meg. 

Ønskje ellers alle ei riktig god jul.
Dagens opptur er dagens sitat frå Thale: 
" Mamma, eg likar visdomsord. Smil til verden og verden smiler til deg" :) 

torsdag 5. desember 2013

Ut av depresjonen

Det er nok mange som har møtt veggen, og slit med å forstå kvifor. Depresjon er ofte like mykje fysisk som psykisk, fordi kropp og psyke som sagt heng saman. Dette fortel denne bloggen særs godt om. Det er altså mykje biokjemi når det kjem til depresjon. : 

http://utavdepresjonen.wordpress.com/2011/04/27/du-er-ikke-en-svak-person/

tirsdag 3. desember 2013

Stress i førjulsstria

Me er alle stressa i periodar, og mange kjenner kanskje ekstra på det no før jul? 
Her er TI TANKEFELLER du bør vera obs på om du er stressa ; 

"Eg får aldri gjort noko "
"Eg er nødt til å gjera ein perfekt jobb"
"Eg må ikkje gjera nokre feil" 
"Eg fekk ikkje gjort noko som helst i dag"
"Eg har SÅ mykje jobb eg skulle gjort". 

Det var slike tankar eg hadde før eg møtte veggen. Faktisk, så hadde eg så mange av dei at eg ikkje fekk gjort noko som helst, og då hopa det vert fall seg opp. Om du har det slik bør du 

- ta deg ein pust i bakken
- slapp av
- skriv lister
- deleger oppgåver 
- prioriter
- PUST 
- Gjer ting som gir deg påfyll, som hobby eller andre aktivitetar. JUST do it! 



Med livet på pause

Læra meg å leva igjen
Læra meg å tenka igjen
Læra meg å planlegga igjen
Læra meg å smila igjen 
Læra meg å føla igjen
Læra meg å stola på andre igjen
Læra meg å stola på meg sjølv igjen 
Læra meg å vera sosial igjen
Læra meg å ta tida tilbake igjen 
Læra meg å ikkje vera så himla redd
Læra meg å skynda meg langsomt 
Kva kan du læra meg i dag? 

Av og til skulle eg ønska at eg hadde ein knekt fot, der eg visste at bruddet var grodd etter 8 veker. Kva er kriteriet på frisk? Kva er kriteriet på godt nok? 

Dagens opptur:

 Har kosa meg med jentene, feira bror min sin 18 års dag, og skrivd ho eldsta inn på skulen. Eg kjente det kribla godt i magen då eg gjekk opp og inn skulegongen, til første møte med rektor og foreldre! 

Eg skal skynda meg 
langsomt og læra meg å ikkje vera då himla redd, slik at mine born ikkje vert redde. Det er jo ikkje så himla farlig? Nei, det er stas! 

lørdag 30. november 2013

Eg slår opp!

I dag slår eg opp med eteforstyrringa. Den har hatt all for mykje kontroll over meg og avgjerslane mine den siste tida. Eller, eg har latt meg styra. Vore inn og ut av sjukehus, og brukt tid og energi på noko som absolutt ikkje gir meg noko anna enn ein falsk trygghet. I dag har eg hatt jentene, og det er DEI som betyr noko, dei som gir energi og glede. 

Så, i dag er det goodbye eteforstyrring og negative tanker, og hello energi. Eg seier ikkje det blir lett, men små steg. Har laga meg mål om at kvar gong eg har lyst  å la maten styra meg, skal eg lesa i "tenk deg glad boka". 


Dagens opptur: Gjekk tur med ho eldsta til sentrum, og ho fekk helsa på nissen. Stas! Har ellers pynta til jul og baka kakemenn. Jula kjem i år og! 

torsdag 28. november 2013

KAT - kognitiv atferdsterapi

Då har eg fått tak i ei av bøkene eg skal byrja å lesa. Konsentrasjonen er det så som så med, men det er ein del av behandlinga, så det er berre til å kasta seg rundt. Eg har fått streng beskjed om å stressa minst mulig, noko som stresser meg ekstremt. Det verkar så meiningslaust å ikkje gjera noko! 
For å gi behandlinga meir meining, vil eg posta erfaringar og tankar og tanketrenigstips her på bloggen. Kven veit, kanskje du har nytte av det du også? :) 


Eg skal visst nytta sjølvvurderingstest ein gong i veka, og skal slik overvåka min eigen framgong. 

I dag skal eg forøvrig leggjast inn ved Stord Dps igjen. Er spent på det, men tenkjer at DENNE gongen klarer eg det. 

Dagens sitat: 

Gårsdagens opptur: Hadde samvær og kos med jentene! Mitt alt<3 Me var på juletrefest på søndagen, og sjølv om angsten var høg, så fullførte me! 

mandag 25. november 2013

"Du vil for mycket"

Overlegen her er svensk. Ein dyktig mann, for all del. Men han insisterer på at "eg vil for mykje på ein gong". Sjølv, kjenner eg meg klar for å koma ut herfrå og heim til jentene mine. Heim til jul. Heim til kvardagen. 

No er eg ikkje innlagt under tvang lenger, men eg fekk klar beskjed om at dersom eg skreiv meg ut på eige ansvar, kunne dei bruka noko som heitte "nødrettsparagrafen" på meg. Det vil seia at dei held meg att med tvang, og då risikerer eg å måtte vera her enno lenger. 
(med andre ord, eg har ikkje noko valg) 

Dagane er ekstremt lange. Det er kun fokus på mat og kvile, og eg kjenner kroppen bokstavlig talt visner vekk. Ganske slitsom å bli psykoanalysert heile tida også. No veit eg godt korleis den usikre 9.klassingen kjenner seg. 

Dagens opptur er medpasientane her. Ho eine er meir ein oversnittet opphengt i Ylva, og plukker nye blader som ho dekorerer rommet sitt med kvar dag. Eg anbefaler forresten alle å kjøpa Ylvas song på iTunes. Legger ved bilete frå rommet. 



Snart ei veka sidan eg såg jentene. Eg saknar dei ekstremt. Lurer på kva dei tenkjer. Eg prater med dei på tlf så ofte som råd. Ho eldsta er visstnok dødsforelska og har "kyssa med ein tusen gonger". Eg ville le meg ihjel, ein skl al tidleg krøkast!


søndag 24. november 2013

Dagens sitat

Worrying wont stop the bad things from happening, it just stops you from enjoying the good.. 

No har eg tatt saken i eigne hender, og leitar etter ein jobb.. Har du forslag eller tips, så send meg ein mail på Facebook eller kommenter her :) 

fredag 22. november 2013

Resultatet frå Haukelandsbesøket

... er at eg som sagt skal byrja med kognitiv terapi. Sidan eg og borna bur på Stord, vil eg få ein kognitiv terapeut som skal følgja meg der, men me skal ha videokontakt med Haukeland. Overlegen der skal ha ein del av rettleiingsansvaret for teamet eg har på Stord. 

Han rekna med eg måtte ha intensiv behandling 1-2 gonger i veka i omtrent 1 år, så ville ting verta betre. Då skal eg nytta desse bøkene her, og visstnok følgja ulike lister, skriva matdagbok osv. 

Sidan eg overet og nyttar maten feil ved stress, skal eg få hjelp til å nausta opp i dei tinga som skapar uro for meg i kvardagen, og sikkert finna andre meir føremålsteneøege måter å løysa problema på. 

Dagens sitat: Gode handlingar kjem ut frå gode valg. Det er vanskeleg, men mogeleg. 
Eg har trua på at dette er vegen til landet frisk, og at eg etter kvart kan få jentene tilbake <3 

torsdag 21. november 2013

Mat er kos, eller mat er kaos

Kor mange gonger til dagen et du? Eller drikk noko?

I kor mage situasjonar i løpet av ein dag er mat eit sentralt element? 

Som eteforsryrra tenker ein på mat i omlag 90% av tida. Ein kan planlegga kva mat ein skal eta, til kva tid, kor mykje osv. Det kan verka heilt banalt, for det skal jo vera så lett, men det er det ikkje. Eller, somme stunder er ting så lette at dei vert vanskelege. 

Kjenner eg både gruar og gledar meg til førjulstida. Mat er då i alle situasjonar, både sunt og usunt..Mange utfordringar..Men som kan gi mange oppturar. Kor stor del av kvardagen nyttar du til å tenkje på mat? 

Kvifor?

Mange har spurt meg kvifor eg vart dårleg igjen no, og det har frustrert meg at eg ikkje har svar. Eg undrar meg sjøl også til tider. 

Som psyiateren sa; Når nokon blir forkjøla så leiter ein ikkje smittekjelda. Ein aksepterer tilstanden, og tek seg den tida det tar for å koma til hektene att. 

Han meiner at eg stresser for mykje med å bli normal, med å bli frisk, at ting ikkje kjem naturleg. Ja, ehm..Og eg kjenner sjølv at eg blir som ein trassig 13 åring her inne. Desse erfaringane SKAL eg bruka til noko godt ein gong. Eg SKAL, eg SKAL, eg SKAL. 

Kva kan pårørande gjera?

Å vera pårørande til nokon som slit med mat, eller andre psykiske lidingar kan vera vanskeleg. Ein kan kjenna seg makteslaus, frustrert, irritert osv. Dette kan kome i vegen for, eller til og med øydeleggja venskap eller splitta familiar. 

Eg kan berre snakka for min eigen del, men det viktigaste for meg er at folk rundt meg er seg sjølv, med sine opp og nedturar. At dei viser at det er normalt at livet svingar. Når det kjem til kost og mat, er det for min del viktig å ikkje bli pressa til noko. Vis meg heller normalen, og kom med gode oppfordringar, enn formaninger. 

Som deprimert har ein gjerne tendens til å isolera seg også, og å kutta ut alt nettverk. Gode vener er tålmodige. Gode vener sender oppløftande meldingar, og forventar ikkje svar. For det er ikkje alltid det er lett å svara på spørsmålet "Korleis går det", eller " Kva driver du på med om dagane". 
Likavel er dette dei mest vanlege og daglegdagse spørsmåla me stiller kvarandre. Det finaste ein av mine brødre har sagt til meg er faktisk " Jeanette, eg bryr meg ikkje om du jobber eller går skule, for du er uansett søstero mi". Slike setningar er gull verdt når sjølvkjensla er på botn. 

Som deprimert kan ein slita med å  forholda seg til avtalar, avgjerslar og planlegging. Det er difor det er så viktig at nettverket rundt har litt is i magen og er tålmodige. Eg meiner ikkje at ein skal godta alle situasjobar og godta t.d unnasluntring/skulk, men vera raus når det oppstår konfliktar og analysera situasjonar frå ulike sider.




Stress, kortisolnivå i kroppen og hjernefunksjon

Her teiknar psykologen oversikt over kva som skjer i kroppen når ein er utsatt for stress over lengre tid. Kortisolnivået går på høg-gir, og kroppen/psyken får ikkje sjans til å henta seg inn igjen. 
Han masar framleis om at eg ikkje må stressa med å bli frisk. At den bobla eg kjenner eg går i, vil sprekke av seg sjølv. Når ein får kontroll på stresset, vil ein også klara å ta rette avgjerslar utan å analysera alt i hjel. Eg må våga å drita meg ut, og akseptera at desse to åra har gått,
Nok søvn, kvile, og rett kost er visst nok undervurdert. Han anbefalte meg å prøva spikermatta i samma slengen, haha.. Det var noko med hormoner som vert utløyst.

Legg ved lenker til litt hjerneforsking for dei som vil lesa: 
 http://www.forskning.no/artikler/2003/august/1061296720.7



Dagens opptur; eg kjem ikkje til å vera på tvang for alltid. 

onsdag 20. november 2013

NAT



Kjenner eg er på stadium i livet der eg 
ikkje vil vera. ( Indre optimist ; så bra, du skal jo ikkje vera her for alltid

Ein ting er å vera innlagt på tvang, og å berre ha låste dører rundt seg.
Ein anna er det å kjenna på at tida går, og ein ikkje får gjort noko med kvardagen sin, eller det ein ser på som problem. 

Men er veit og at når ein er deprimert har ein NAT:

N-egative 
A- automatiske
T-ankar 

Slik som: " Du duger ikkje til noko", "Du er fæl", " Du kan ingenting" , " Det blir aldri noko av deg", du er tjukk.. osv.. 

For å få ei god sjølvkjensle trur eg det gjeld å identifisera desse tankane, og å sakte men sikkert snu dei. Dess fleire slike negative automatiske tankar ein har, dess fleire får ein, og JA, dess surare og meir deprimert vert ein. Og dess meir deprimert ein vert, dess mindre positiv energi og signaler sender ein ut, og slik går spiralen berre nedover. 

For studentar; så kjem gjerne slike tankar i eksamensperioden og under stress (Eg kjem aaaaaldri til å bestå eksamen osv).

Kjenner du deg igjen?

Er du god til å snakka positivt til deg sjølv? Om ikkje, så bør du trena deg på det:) 
I går fekk eg ta taxi heim for å treffa jentene. Det var litt av ein dag! Eg sov dårleg heile natta før, for eg gledde meg slik, eg blir nok litt lik eit born sjølv når eg gledar meg til noko. 

Det var så godt å få vera med de, leika med de og kosa med de! Savnet er så enormt stort! Eg kan nesten ikkje forstå kor fort tida går, og kor store de er blitt. Får håpa at eg får meir fast og stabilt samvær med de framover. Det er mitt mål nummer 1 her i livet. Nett no fekk eg berre 1,5 time utanfor avdelinga, fordi eg er på tvang. 

Ganske frustrerande spør du meg, og eg brukar mykje tid og energi på å irritera meg over det. Eg bør vell kanskje heller vera takksam for at eg fekk treffa dei i det heile tatt..Er det ikkje slik då, at eg skal prøva sjå det positive i det negative? 

Men eg syns heile situasjonen er frustrerande; at eg ikkje kan gi eit reelt svar på kva tid eg er frisk, eller kva tid eg kan treffa de neste gong. Og kva er frisk og ikkje frisk? Kva tid er ein frisk nok? 

På veg mot landet FRISK..

Eg har funne ut at eg må laga meg nokre kriterier for å vera frisk, nokre mål..

Å vera frisk er å 

- ikkje overeta, eller bruka mat for å døyve stress eller uro
- tola motgang og medgang
- stola på andre og på meg sjølv 
- ha kontroll, men også tola å ikkje ha kontroll
- å LE med magen! 
- Å sjå med hjarta 
- klara sjå dei positive glimta i kvardagen, og å setja pris på dei
- å ha blikket vendt utover, og ikkje innover..


Fekk eit fint sitat av ei venninna, som mange kanskje har høyrt før: 

Gi meg sinnsro og mot til å forandre dei tinga eg kan forandre, akseptera dei tinga eg ikkje kan forandre, og forstand til å sjå forskjellen. 









tirsdag 19. november 2013

På veg opp bakken!

Her kjem ei oppsummering etter samtale med psykologen. Detta kan alle og ein kvar læra noko av, det er eg 120% sikker på, og derfor deler eg det med dei som gidd lesa : 

- Det er når ein stresser med å vera flink nok at ein ikkje blir det

- Når ein stresser over lengre tid, sviktar dei kognitive evnene, som evne til å tenka logisk, evnen til å ressonera, innlæringsevna og konsentrasjon. Hjernen sviktar, rett og slett 

- Ein kan ikkje gjer noko med fortida, Shit happens, ein skal vera raus med seg sjølv og sjå framover 

- Ein kan aldri endra andre, berre endra seg sjølv, men det tar tid og er ein tung jobb. 

Den tyngste jobben er å akseptera seg sjølv, og det å få ei god sjølvkjensle. 
- Ein kan ikkje stola på andre, før ein stoler på seg sjølv 


Pappa sa til meg sist eg var sjuk at "Det er i motbakke det går oppover". Eg klamrer meg til den endo, men byrjar å innsjå at jo fortare ein spring opp den motbakken, dess fortare blir ein sliten. Fokus no blir små steg, skynde meg langsomt, og nyta utsikten på vegen opp. 

Kor fort spring du opp din bakke? Er du flink til å ta deg tid til å leva? Til å pusta? 



Om å ta i mot hjelp..

..Når ein ikkje er einig i hjelpa som vert gitt, DET er vanskelig det. Ingen aktivitet, berre 2 x 30 min luftetur til dagen, og medisinering..Er det rart ein blir gal?? Er dette vegen til frisk?? Frustrert..Savner jentene sånn, og føler tida spring frå meg. At livet står på pause, og at eg ikkje får delta på den måten eg vil. Samtidig så ser eg at dette berre er bagatellar, at andre har det verre enn meg, og at eg ikkje har rett til å klaga.. Venter på oppturen!! Psykologen her seier eg må læra meg å ikkje gjera noko, og at eg bør vera glad, for folk betaler penger for å få den roen eg har sjans til å finna her no. Hrmf, ikkje heilt einig i den du...


Dagens opptur kom! I morgon får eg ta taxi heim for å treffa jentene mine! :D 

mandag 18. november 2013

Rolpe dikt

Kva skjer bak lukkede dører, 
Kva skriv dei i sin rapport? 
Kva meiner dei egentlig om meg, 
her eg sit og får så lite gjort?
Tida berre går, og jentene veks til,
Eg slit med at eg ikkje er der, 
Sjølv om eg gjerna vil. 
Ensomhet, bevis på at livet ikkje 
er ein lek. 

Da var då eg leita etter normalen at eg begynta å bli galen.. :p 
Ein kan bli galen og lat
Av å berre tenka på mat. 



Anoreksi og bulimi, 
Stjeler tid og energi..
Det er ei havn eg ikkje kan bli i
For ei havn skal gi ly for vind,
Men no stormar det som mest i mitt sinn. 


Status Quo

Har vore innlagt på akuttposten i Haugesund i over ei veke. Det er lite aktivitet her, og eg hatar verkeleg å ikkje veta kva som skjer med meg. Eine overlegen her prata om at eg kanskje er bipolar, og vil prøva ut medisin på meg. Men eg er redd for medisinering, det har eg alltid vore. Eg trur ikkje dei sjølv veit kva dei skal gjer med meg. Eg er lei å vera pasient, lei av å ikkje ha eit svar på kva tid eg er frisk. På fredag har eg time på avdeling for eteforstyrringar i Bergen, men eg føler ikkje eg fortjener plassen der. 

Dagens opptur/latter, er eine pasienten her som er så alkohol tørst at ho tar sprit frå handdispensaren i kaffikoppen. (Eg skriv det fordi ho ler av det sjølv :p ) Mange sjebnar ute og går! 

Tittel forklaring

Jeas flukt er namnet på bloggen min, og då undrar du kanskje på kva det er eg flyktar frå?
(Indre kritikar : Eller er du jysla optimist som trur nokon gidd lesa mitt skriblerier som innlagt, psykiatrisk, utbrent, deprimert, eteforstyrra pasient Jeanette? )

(Indre optimist:  Næææ, du fekk jo enorm respons på Facebook innlegget..)

Anyway, tittelen kan tolkast på 2 måtar :

1. Flukta frå livet og inn i sjukdommen
2. Flukta frå sjukdommen og tilbake til livet.

Nett no er eg ikkje på steg to endo, men det kjem! Og det er det denne bloggen skal handle om.
Det er med hjarta i halsen eg byrjar. Det skal vera ein ærleg blogg. Somme dagar vil det nok vera ein egsynsirriterandesyndpåmegsjølv- blogg
Men mest forhåpentligvis vil det vera ein 
påvegmotdetfriske blogg, her eg skriv frå tvangsinnlagt psykiatrisk pasient. Eg skal tilbake til livet! Og eg lovar å alltid ha ein positiv tanke kvar dag. Det at skrivelysta kom, er ein opptur i seg sjølv. 

Bilde frå rommet mitt, frå besøk eg har hatt av herlege folk eg har blitt kjent med i løper av desse to åra.