torsdag 21. november 2013

Kva kan pårørande gjera?

Å vera pårørande til nokon som slit med mat, eller andre psykiske lidingar kan vera vanskeleg. Ein kan kjenna seg makteslaus, frustrert, irritert osv. Dette kan kome i vegen for, eller til og med øydeleggja venskap eller splitta familiar. 

Eg kan berre snakka for min eigen del, men det viktigaste for meg er at folk rundt meg er seg sjølv, med sine opp og nedturar. At dei viser at det er normalt at livet svingar. Når det kjem til kost og mat, er det for min del viktig å ikkje bli pressa til noko. Vis meg heller normalen, og kom med gode oppfordringar, enn formaninger. 

Som deprimert har ein gjerne tendens til å isolera seg også, og å kutta ut alt nettverk. Gode vener er tålmodige. Gode vener sender oppløftande meldingar, og forventar ikkje svar. For det er ikkje alltid det er lett å svara på spørsmålet "Korleis går det", eller " Kva driver du på med om dagane". 
Likavel er dette dei mest vanlege og daglegdagse spørsmåla me stiller kvarandre. Det finaste ein av mine brødre har sagt til meg er faktisk " Jeanette, eg bryr meg ikkje om du jobber eller går skule, for du er uansett søstero mi". Slike setningar er gull verdt når sjølvkjensla er på botn. 

Som deprimert kan ein slita med å  forholda seg til avtalar, avgjerslar og planlegging. Det er difor det er så viktig at nettverket rundt har litt is i magen og er tålmodige. Eg meiner ikkje at ein skal godta alle situasjobar og godta t.d unnasluntring/skulk, men vera raus når det oppstår konfliktar og analysera situasjonar frå ulike sider.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar