Her kjem ei oppsummering etter samtale med psykologen. Detta kan alle og ein kvar læra noko av, det er eg 120%
sikker på, og derfor deler eg det med dei som gidd lesa :
- Det er når ein stresser med å vera flink nok at ein ikkje blir det
- Når ein stresser over lengre tid, sviktar dei kognitive evnene, som evne til å tenka logisk, evnen til å ressonera, innlæringsevna og konsentrasjon. Hjernen sviktar, rett og slett
- Ein kan ikkje gjer noko med fortida, Shit happens, ein skal vera raus med seg sjølv og sjå framover
- Ein kan aldri endra andre, berre endra seg sjølv, men det tar tid og er ein tung jobb.
Den tyngste jobben er å akseptera seg sjølv, og det å få ei god sjølvkjensle.
- Ein kan ikkje stola på andre, før ein stoler på seg sjølv
Pappa sa til meg sist eg var sjuk at "Det er i motbakke det går oppover". Eg klamrer meg til den endo, men byrjar å innsjå at jo fortare ein spring opp den motbakken, dess fortare blir ein sliten. Fokus no blir små steg, skynde meg langsomt, og nyta utsikten på vegen opp.
Kor fort spring du opp din bakke? Er du flink til å ta deg tid til å leva? Til å pusta?