tirsdag 29. juli 2014

Eg ville berre, 
skulle berre, 
måtte berre, 
burde berre, 
måtte ikkje,
men ville berre, 
at alt blei så vanskelig å bera. 

Dei seier her at eg er flink med ord. Betyr det at dei meiner eg er god på å vri og venda på ting? Tida går så seint, samtidig som den går så fort, og så verkar det som den står stille, så stille, men det gjer den aldri. Og eg vil meir! Vil meir enn å vera den halvgalne søstra som ikkje klarar å meistra livet. Eg vil meir enn å vera ein svingdørspasient. Eg vil meir enn å tenka på problem eller mat, eller var det omvendt? Eg vil sjå løysingar. Vera ein som gir av meg sjølv til andre, i staden for ein som tar energi og tid. Kor eg gleder meg til å bli utskrivd, til å stå på egne bein. Til " å tenke sjæl". Dei seier her at ting skal gå bra. Eit steg om gongen! Eg likar ikkje å vera psyk. 

søndag 27. juli 2014

Opp opp opp!

Eg har no gått opp i vekt, og får difor komma heim på permisjon! Dette er lykke! Det vert berre nokre timar, men det er lykke likevel. Då skal eg vera med jentene, eg og ei frå avdelinga skal hente dei i barnehagen. Sakte men sikkert skal livet mitt puslast tilbake igjen. Herlig. 

Strikketerapi

Det står faktisk i papira mine på sjukehuset at "pasienten ønsker ikke strikketerapi", men sjå her kva eg har laga! 

torsdag 24. juli 2014

Mat

Mat. Mat er medisin. Mat er makt. Kontroll. Mani. Følelsar. Sansing. Kultur. Folkeskikk. Vaner og uvaner. Mat er skam. Mat er glede. Trøst. Fett. Næring. Mestring. Kva er normaliteten? Kvar er grensene?Mat er helse og uhelse. Blir gal. Av lukt av lyd.. Av smak..Kan? Kan ikkje? Mat er kg. Kva tid blir mat godt? Mat er kjærlighet. Mat er hat. Hater meg sjølv. Mat er minner. Gode og vonde. Hjernen trenger fett og proteiner, og karbo, og vitaminer og mineraler. Mat er identitet. Så lett, så vanskelig. 

lørdag 19. juli 2014

Angst og skam

..Diskriminerer ikkje. Det er kjensler og tankar som kjem snikande når ein minst ventar det.. Dei smyg seg inn i underbevisstheten, og slår til når ein treng det minst. Kanskje når ein står på butikken? Kanskje når ein skal henta barna i barnehagen? Kanskje når ein pusser tenna. Kloa om hjerta som snører seg, ein kjenner at ein blir klam og ikkje får pusta, og ei stemma som begynner stille "Du vil ikkje vær som dette, du vil ikkje vær som dette" , samtidig som ei stemma seier " Du er ein fiasko. sjå på deg sjølv, du er tragisk". 

Stemma messer høgare og høgare; Skjerp deg, bli frisk, skjerp deg bli frisk, bli normal" , tankane kjem lynraskt.. "Du har ingen rett til å klage, skjerp deg, folk har det verre enn deg. Det er krig i verden. Slutt å vær så sjølvopptatt!". Men ein føler likevel at noko gale kjem til å skje, men ein veit ikkje kva.. Og det er krig i verden, samtidig som det er krig inni meg. Og det er DER tankane mine slår over på mat, trur eg.. Det er der eg må snu. Eg treng ein fredsforhandlar. Eg vil ikkje ha krig meir. Eg vil leva normalt. 

Angst og skam og depresjon diskrimerer ikkje. Dei kjem ikkje på eit bevisst klokkeslett, dei bryr seg ikkje om kvar ein er, og dei er som små snikande jæklar med eit mål; å bryta deg ned. 

Skammen

Eg merkar at eg skammar meg over å vera innlagt. (Og eg som trudde eg ikkje hadde fordommar, har i denne prosessen kanskje oppdaga at eg hadde meir fordommar enn eg trudde) Eg har gjerne tenkt 

Kvifor gjer du ikkje..slik??Kvifor kan du ikkje berre skjerpa deg? Kvifor kan du ikkje berre slutta å drikka? Eller eta den maten? Kvifor kan du ikkje berre få opp augene og sjå kor herleg livet er?? Kvifor kan du ikkje berre slutta å sjå problem, men byrja å sjå løysingar? 

Men å bli frisk er ein prosess som tar tid, og kanskje vert eg aldri heilt frisk, men betre. Kanskje eg berre må leva med skammen?

Eg fekk ei dagbok av ei eg gjekk på kurs med, og i den står eit sitat;
 
"Gud gi meg slik sinnsro til å forstå de ting jeg ikke kan forandre, forandre de ting jeg kan, og forstand til å se forskjellen". 

Eg har panikk..For at tida går, og for all den tida eg går glipp av med jentene. Eg skammar meg over å villa for mykje, og meistra for lite. Eg skammar meg over å sjå ting som svart/kvitt, når livet er fult av fargar. Skammen over å sei ja, når ein meiner nei, og nei når ein meiner ja, og over å ikkje veta svaret på heilt vanlege, daglegdagse spørsmål. Skammen over å stå på utsida av samfunnet, når ein vil vera normal. Over å villa leva, men livet er så vanskelig, at ein berre lev halvvegs. 

Størst er skammen over å vera kvinne og å ikkje ha dagleg omsorg for jentene mine.. Det er sårt! Over å ha angst, angst for å visa meg for folk. Skam over å ha ein 14-is sjukdom som bulimi. Over å villa ta utdanning, men å mangla danning. Skammen over å ha skuffa dei næraste. Skammen over å kreva så mykje, men yta så lite. Men eg skal tilbake. Eg skal tilbake. Denne prosessen må vera godt for noko. Eg skal tilbake til livet. Til kjenslene. 

søndag 13. juli 2014

Dikt frå bror min


Eg har søsken. Gode søsken. Søsken som står på utsida og venter tålmodig eller utålmodig på at storesøster skal bli frisk(are). Etter eg blei innlagt fekk eg denne teksten frå den yngste bror min på 18. Eg synes det seier ein heil del om han. Teksten er henta frå Anne Grete Paus sin song; En sang om når du ser deg selv i knuste speil. 

Takk Jim Robin! 

torsdag 10. juli 2014

Opptur!

 
Nei, ikkje ein fjelltur, men ein personleg opptur. 
I dag har eg lov å driva med sjølvskryt, for i dag har eg mestra noko stort. Eg har fulgt behandlingsplanen til punkt og prikke. Og sjølv om eg holder på å eksplodera av metthet, og uroen river inni meg, styrer eg unna "fienden" min. Det er merkeleg å kjenna at bulimien slepper tak i meg, for eg er så usikker på kven eg er uten. Eg åt middag på avdelinga i dag, for fyrste gong. Til og med ris. Ris som har vore ein av fiendane mine i 2 år. La denna mestringa vare!

Eg har kanskje ikkje gjort så mykje anna nyttig, men eg samarbeider, og viser at eg kan samarbeida. 

På det sosiale planet har eg eg då fått augene opp for SnapChatt, og sender omtrent daglege snap med jentene. Nokon vil kanskje tenka at dette er lite, men for meg er det stort. Små steg. Små steg på vegen til det friske. 

tirsdag 8. juli 2014

Jeg vil, jeg vil!

Tankar som kjem når ein er åleine.. Eg og vil ha ein instagramkonto full av bilder av jentene.. Eg og vil leva livet.. Eg og vil klaga over at eg har sove så lite i natt fordi eg har vært oppe med 4-åringen.. Eller over at eg er så utslitt etter jobb..Eller kjenna på kor kald sjøen er, smaka ein soft-is i Arendal, ta tusen bilder av 6-åringen som spring etter den gule sommerfuglen, vera utslitt etter WOD, vera nøgd med ein C på ein eksamen, vaska gulv og tak til sommaren.. Poeng; ein veit ikkje kva ein har før ein ikkje har det. Nyt kvardagen. Nuet. 

Bokstaven S...

Bokstaven S har fulgt meg ei stund.. 
Livet har bestått av 

S-pisa
S-py
S-ova 
S-yta 

Som innlagt no, består det av

S-pisa
S-itta
S-trikka 

Men framover skal det bestå av 

S-tyrke
S -amvær
S-osialt
S-undt
S-kriva
S-mila
S-nakka
S-tudera 



onsdag 2. juli 2014

Dagens bok :

Eg prøver å lesa litt innimellom, og heng meg kanskje mest opp i terapibøker og bøker basert på sanne historiar. Grunnen til det er at eg så inderlig ynskjer ein veg ut av dette, og tilbake til livet. Alle seier eg må ta små steg; men kor små steg lyt ein ta, tenkjer eg? 

Uansett, for alle som slit med noko, eller kjenner nokon som slit med noko innan psykiatrien, så er dette ei god bok å lesa. 

Det er ikke mer synd på deg enn andre; En bok om ansvar og frigjøring - Ingvard Wilhelmsen. Han driv ein hypokonderklinikk i Bergen, og har god kunnskap og erfaring innan kognitiv terapi. I boka vert ein kjent med ei som har slete psykisk store delar av livet, og som gjennom sjukdom har gjort seg sjølv til eit offer. I følge Wilhelmsen er eit offer ein som forklarer sine problem med ting som har skjedd i fortida. Vidare skriv han at "hovudproblemet i livet vårt er ikke det som skjer, men hvordan vi velger å forholde oss til det". 

Det boka lærer meg er at eg må byrja å ta ansvar sjølv for eigne valg. Dette er vanskelig. Særskilt når ein er innlagt på tvang og ikkje får ta så mange valg sjølv. Men eg gleder meg til å komme "ut igjen", og ta fatt på livet. Eg skal kanskje berre ikkje ha det så travelt som sist. 

Til alle andre, vil eg sei; nyt livet, dei små oppturane og set pris på dei rundt deg og friheten du har. Om det så berre er å få gå på toalettet åleine (Galgenhumor).