tirsdag 31. desember 2013

Mål for 2014

-Ikkje bruka mat som avledning
- Få meir fast samvær med jentene 
- Ta opp att studiene att
- Vera meir positiv og takksam til livet 
- Få og halda på ein aktivitet 

Men egentlig vil eg berre le med magen igjen! Smila frå hjarta! Gjennomføra noko bra. Bety noko for nokon. Vera fysisk sliten på grunn av hardt arbeid, og ikkje sjukdom. Ja:)   

27.7.2014

Trur eg må evaluera denna planen, but hey, that's what plans are for, hum? 

Sjølvransking

Eg er einsam og tom. Leitar etter noko å fylle tida med, og distrahera tankane med. Noko anna, utenom mat. Tenkjer " eg må arbeida", " eg må studera", " eg må finna noko eg er god på", " eg må smila" , "eg må skjerpa meg", " eg må finna lykken", " eg må få orden" , "eg må få kontroll". " Eg treng ein ny kostplan". "Eg treng ein hobby", "Eg treng å trena" " "Alle andre har kontroll, kvifor kan ikkje eg ha kontroll?" Eller er det kanskje ikkje slik? At det berre ser ut som at alle har kontroll, men dei meistrar å stå i det ukontrollbare?

 Me står på tampen til eit nytt år. Eg likar ikkje nyttårsafta, eller dagen derpå. "Gjer det beste ut av det" seier mine næraste. " Ta ein dag om gongen", " Ein time om gongen". Klisjeane kjem på rekke og rad : "Nytt år, nye moglegheiter. " Eg blir nesten kvalm, men optimisten langt langt inni meg, den som ikkje vil gi opp, roper at JA, det må vera sant! Roper at NO må det snart vera slutt på negative tankar og sjølvdestruktivt handlingsmønster. NO må ting koma i orden snart! Nytt år, nye moglegheiter.

Eg kunne prøvd å oppsumera året, men fakta er at eg hugsar ikkje alt. Ein stor del av tida har eg vore innlagt, og då har dagane vore uendeleg lange og like. Eg har hatt ferie med jentene, vore i Dyreparken med dei, og hatt ein fin tur til Kopparik og Åkra. Eg har gått på kurs, og prøvd meg på Datakortet, men slutta då konsentrasjonen ikkje var på topp (Eller var det motivasjonen?). Eg har blitt tante! Eg har fått nye venner, og kanskje mista ein del? Eg har sett søster mi bli konfirmert. 

 Skunda meg langsomt mot mål. Kva er dine mål for 2014? 

fredag 27. desember 2013

Dagens klage: Eg likar dårleg å ha aktivitetsforbod. Blir rastlaus! 
Dagens opptur: Skal ha jentene på overnatting! :) 

søndag 22. desember 2013

Førjulskos

Det har vore lite aktivitet her i det siste. Litt fordi motivasjonen har vore på botn, og eteforstyrringa på topp, og då synk både sjølvtillit og inspirasjon. Er forøvrig utskrivd frå DPSen. Dagane har likavel vore positive, då eg har hatt jentene på overnatting i to netter. Me har feira jul på førehand heime hos mamma, og dei har kosa seg med gåveopning og god mat, julafilm og alt som høyrer til.  Egentlig er eg i mot at det vert feira jul på førehand, men det var kos likevel. 

Ellers ser er fram til eit nytt år! Då byrjar terapien for alvor. Nye vanar skal leggjast, og eg SKAL fullføra måla eg sett meg. 

Ønskje ellers alle ei riktig god jul.
Dagens opptur er dagens sitat frå Thale: 
" Mamma, eg likar visdomsord. Smil til verden og verden smiler til deg" :) 

torsdag 5. desember 2013

Ut av depresjonen

Det er nok mange som har møtt veggen, og slit med å forstå kvifor. Depresjon er ofte like mykje fysisk som psykisk, fordi kropp og psyke som sagt heng saman. Dette fortel denne bloggen særs godt om. Det er altså mykje biokjemi når det kjem til depresjon. : 

http://utavdepresjonen.wordpress.com/2011/04/27/du-er-ikke-en-svak-person/

tirsdag 3. desember 2013

Stress i førjulsstria

Me er alle stressa i periodar, og mange kjenner kanskje ekstra på det no før jul? 
Her er TI TANKEFELLER du bør vera obs på om du er stressa ; 

"Eg får aldri gjort noko "
"Eg er nødt til å gjera ein perfekt jobb"
"Eg må ikkje gjera nokre feil" 
"Eg fekk ikkje gjort noko som helst i dag"
"Eg har SÅ mykje jobb eg skulle gjort". 

Det var slike tankar eg hadde før eg møtte veggen. Faktisk, så hadde eg så mange av dei at eg ikkje fekk gjort noko som helst, og då hopa det vert fall seg opp. Om du har det slik bør du 

- ta deg ein pust i bakken
- slapp av
- skriv lister
- deleger oppgåver 
- prioriter
- PUST 
- Gjer ting som gir deg påfyll, som hobby eller andre aktivitetar. JUST do it! 



Med livet på pause

Læra meg å leva igjen
Læra meg å tenka igjen
Læra meg å planlegga igjen
Læra meg å smila igjen 
Læra meg å føla igjen
Læra meg å stola på andre igjen
Læra meg å stola på meg sjølv igjen 
Læra meg å vera sosial igjen
Læra meg å ta tida tilbake igjen 
Læra meg å ikkje vera så himla redd
Læra meg å skynda meg langsomt 
Kva kan du læra meg i dag? 

Av og til skulle eg ønska at eg hadde ein knekt fot, der eg visste at bruddet var grodd etter 8 veker. Kva er kriteriet på frisk? Kva er kriteriet på godt nok? 

Dagens opptur:

 Har kosa meg med jentene, feira bror min sin 18 års dag, og skrivd ho eldsta inn på skulen. Eg kjente det kribla godt i magen då eg gjekk opp og inn skulegongen, til første møte med rektor og foreldre! 

Eg skal skynda meg 
langsomt og læra meg å ikkje vera då himla redd, slik at mine born ikkje vert redde. Det er jo ikkje så himla farlig? Nei, det er stas!