Vegen fra 36 kg...
Jeasflukt
lørdag 2. august 2014
tirsdag 29. juli 2014
Eg ville berre,
skulle berre,
måtte berre,
burde berre,
måtte ikkje,
men ville berre,
at alt blei så vanskelig å bera.
Dei seier her at eg er flink med ord. Betyr det at dei meiner eg er god på å vri og venda på ting? Tida går så seint, samtidig som den går så fort, og så verkar det som den står stille, så stille, men det gjer den aldri. Og eg vil meir! Vil meir enn å vera den halvgalne søstra som ikkje klarar å meistra livet. Eg vil meir enn å vera ein svingdørspasient. Eg vil meir enn å tenka på problem eller mat, eller var det omvendt? Eg vil sjå løysingar. Vera ein som gir av meg sjølv til andre, i staden for ein som tar energi og tid. Kor eg gleder meg til å bli utskrivd, til å stå på egne bein. Til " å tenke sjæl". Dei seier her at ting skal gå bra. Eit steg om gongen! Eg likar ikkje å vera psyk.
søndag 27. juli 2014
Opp opp opp!
Eg har no gått opp i vekt, og får difor komma heim på permisjon! Dette er lykke! Det vert berre nokre timar, men det er lykke likevel. Då skal eg vera med jentene, eg og ei frå avdelinga skal hente dei i barnehagen. Sakte men sikkert skal livet mitt puslast tilbake igjen. Herlig.
Strikketerapi
Det står faktisk i papira mine på sjukehuset at "pasienten ønsker ikke strikketerapi", men sjå her kva eg har laga!
torsdag 24. juli 2014
Mat
Mat. Mat er medisin. Mat er makt. Kontroll. Mani. Følelsar. Sansing. Kultur. Folkeskikk. Vaner og uvaner. Mat er skam. Mat er glede. Trøst. Fett. Næring. Mestring. Kva er normaliteten? Kvar er grensene?Mat er helse og uhelse. Blir gal. Av lukt av lyd.. Av smak..Kan? Kan ikkje? Mat er kg. Kva tid blir mat godt? Mat er kjærlighet. Mat er hat. Hater meg sjølv. Mat er minner. Gode og vonde. Hjernen trenger fett og proteiner, og karbo, og vitaminer og mineraler. Mat er identitet. Så lett, så vanskelig.
tirsdag 22. juli 2014
lørdag 19. juli 2014
Angst og skam
..Diskriminerer ikkje. Det er kjensler og tankar som kjem snikande når ein minst ventar det.. Dei smyg seg inn i underbevisstheten, og slår til når ein treng det minst. Kanskje når ein står på butikken? Kanskje når ein skal henta barna i barnehagen? Kanskje når ein pusser tenna. Kloa om hjerta som snører seg, ein kjenner at ein blir klam og ikkje får pusta, og ei stemma som begynner stille "Du vil ikkje vær som dette, du vil ikkje vær som dette" , samtidig som ei stemma seier " Du er ein fiasko. sjå på deg sjølv, du er tragisk".
Stemma messer høgare og høgare; Skjerp deg, bli frisk, skjerp deg bli frisk, bli normal" , tankane kjem lynraskt.. "Du har ingen rett til å klage, skjerp deg, folk har det verre enn deg. Det er krig i verden. Slutt å vær så sjølvopptatt!". Men ein føler likevel at noko gale kjem til å skje, men ein veit ikkje kva.. Og det er krig i verden, samtidig som det er krig inni meg. Og det er DER tankane mine slår over på mat, trur eg.. Det er der eg må snu. Eg treng ein fredsforhandlar. Eg vil ikkje ha krig meir. Eg vil leva normalt.
Angst og skam og depresjon diskrimerer ikkje. Dei kjem ikkje på eit bevisst klokkeslett, dei bryr seg ikkje om kvar ein er, og dei er som små snikande jæklar med eit mål; å bryta deg ned.
Abonner på:
Innlegg (Atom)