fredag 24. januar 2014

Nytt behandlingsopplegg.

Først, oppsummering frå denne veka! Eg at gått opp 4 kg, og kaliumprøvane mine er endelig fine igjen. Det betyr at eg har fått i meg meir mat, og kasta mindre opp.  Eg er 100% sikker på at det heng saman med at eg har hatt ein aktivitet å gå til, dvs vikarjobben eg har hatt ved ungdomsskulen her. Det er så viktig å føla at ein kan bidra med noko konstruktivt i kvardagen. 

I dag har eg møtt nye psykologen, la oss kalla ho for D, og fått skissert eit nytt behandlingsopplegg eg skal ta stilling til innan mandag. Eg fekk med meg eit skriv der hovudtrekka er følgjande : 

-Behandlinga varer i 6-12 mnd og består av to deler. Først, avtalt vekentlig terapitimer, vekentlig veging, strukturert kostliste og registrering av matinntak. 

- CBT - kognitiv terapi er basert på synet av våre tankar og idear påverkar måten me kjenner oss på, og handler ovenfor andre og oss sjølv i kvardagen. Fokuset skal liggja på "her og no", og ikkje i fortida. Difor er fokuset på min nåværende måte å kommunisera på. Eg skal nytta sjølvregistreringsdagbok, laga dagsorden, og ein agenda for kvar behandlingstime. Akkurat som ein musikklærar vil gi musikkeleven sin lekser, vil eg få heimeoppgåver, der eg skal trena på dugleikar eg har lært i timen. 

- Det skal bli formulert mål for framgang, og desse skal evaluerast undervegs. Eg skal læra meg å takla kjensler eg syns er uutholdelige. ( Det må bli keisamhet og skuffelse då) 

Personleg syns eg dette verkar bra, samtidig som eg er redd. Føler litt at livet mitt skal gå etter ein "mal" ut i frå ei lærebok, og eg veit så alt for godt at livet ikkje kan detaljplanleggjast. Samstundes så syner forsking at det er dette som er vegen ut av ei eteforstyrring. Eg ser for meg at eg kjem til å bli bra lei av matdagbøker, samtidig så er det kanskje lurt med tanke på tydeleggjering av overspising og oppkastperiodar.

Kva tenkjer du? Hadde du gått for det??
I såfall, så skal eg offentleggjera kvar matdagbok og kvar veging. Mest for min eigen del. Eg lengtar etter å vera normal, ikkje A4, men normal, så eg trur eg skal gå for det. 

tirsdag 21. januar 2014

Definisjonen på frisk

Kan nokon gi meg den? 
- er det når eg et 4 måltid til dagen?
- er der når eg veg 50 kg? Er eg god nok då? 
- er det når eg smiler 10 dagar på rad? 
- er det når hjernen ikkje tenker på mat 24/7 ?
- er det når eg ikkje føler eg må trena kvar dag? 
- når eg er til stede i nuet?
- når eg ikkje har angst for at andre ikkje skal lika meg for den eg er?
- når eg ikkje har angst for å dumme meg ut offentlig? 
- når eg mestrer kvardagen på ein normal måte? I såfall... Så er eg på GOD veg! :D 






søndag 5. januar 2014

Oversikt over bøker eg har lese

Skam - Mina Bai 
Peer Gynt - Henrik Ibsen
Vildanden - Henrik Ibsen
Amtmannens Døtre - Camilla Collet
Gift - Aleksander Kielland
Pan - Knut Hamsun 
Kristin Lavransdatter - Sigrid Undset
For i morgen var jeg alltid en løve - Arnhild Lauveng
De gales hus - Karin Fossum
Senor Peregrino - Cecilia Samartin
Drømmehjerte - Cecilia Samartin
Jonas - Jens Bjørneboe ( burde vore obligatorisk for alle pedagogar i skulen)
Øya - Victoria Hislop
Stryk meg varsomt over håret - Agnes Matre 
La meg synge deg stille sanger - Linda Olsson
Alkymisten - Paulo Coelho
Veronica vil dø - Paulo Coelho
Ved elven piedra satt jeg og gråt - Paulo Coehlo 
Evig søndag - Linnea Myhre 
Hvis jeg forsvinner, ser du meg da? - Kristine Getz 
En rekke avbrutte forsøk - Selma Lønning Aarø
Venstre hånd over høyre skulder - Selma Lønning Aarø 
Dopler - Erlend Loe
Bikubesong - Frode Grytten 
Da Vinci koden, Engler og Demoner - Dan Brown
Menn som hater kvinner triologien - Stieg Larsson, 
Idas dans - Gunnhild Corwin
Å holde pusten - Agate Øksendal Kaupang 
Blomstenes hemmelige språk - Vanessa Diffenevaugh 
Nød - Are Kalvø